Produkt utan instruksjonar eller produsentnamn
Eg brukte tilrådd lenke frå det som eg stolte på som ei best i test-side for Air Frier.
Produktet blei forsåvidt sendt etter akseptabel (men litt lang) ventetid, men produktet har ikkje informasjon om produsent, reklamasjon, instruksjonar eller det som vanlegvis følger med.
Ei lampe som verka med det same, slutta å lyse opp i airfrieren etter omtrent ei veke, den andre i den andre omnsdelen verkar framleis. Produktet fungerer, bruker ein del straum, men kan nyttast til matlaging, og er difor behalde, men under tvil. Eg likar ikkje at produsenten er ukjent, og detaljane er svært mangelfulle.
Det er vanskeleg å klage, ingen informasjon om angrerett eller anna, og ikkje noko namn på produsenten eller generell instruksjon frå dei.
Eg får inntrykk av at dette er eit kopiprodukt, uklart kvar det er produsert, men sendt frå Tyskland.
23. april 2025
Anmeldelse skrevet uten oppfordring